Sjuragarden, Lokalprodukt frå Hardanger
Hardangerfjordvegen 225, 5600 Norheimsund
09.00-20.00

Produkta våre

er heimelaga

Me produserer konsumeple til Gartnerhallen/Bama. Eple som ikkje held denne standarden beheld me sjølv og lagar eplejuice av dei. Vår eplejuice er heilt rein, utan noko form for tilsetningar. Eplejuicen tappar me på små og store flasker, samt på 2 L kartongar. Ein del av eplejuicen går til produksjon av sider. Me lagar og fleire sortar syltetøy.

Eplajuice i mange gode smakar

Eplejuicen vert produsert i reine eplesortar for å bevara særpreget til dei ulike sortane. Me har Aroma som kanskje er den største allround juicen. Discovery med mykje sødme, god til dessert eller berre for seg sjølv. Gravenstein god sødme, lang ettersmak og litt mandel, ein god allrounder. Summerred litt syrleg, god til feit mat. Elstar litt søt, fruktig med fylde, god til muggost,
mørkt kjøt eller dessert. Dei kan verta litt ulike frå år til år, då dei gjennspeglar årets sesong.

Foto: hf.no

Besøk gardsbutikken vår!

På tunet har me eit gardsutsal der me sel eigne produkter, og mykje anna godt frå andre produsentar. Me lagar mange ulike gåvepakkingar som me sel til private og bedrifter. Frå slutten av november og fram til jul har gardsbutikken ope kvar dag. I denne perioden sel me og eple. Held alltid ope per telefon eller besøk. Vekedagar: kl. 09.00-20.00 Laurdag: kl. 09.00-18.00.

Spennande utval i syltetøy

Me produserer 12 ulike sortar syltetøy. Alle er gjerne ikkje tilgjengelege kvar sesong p.g.a råvare tilgang. Rivers Earley – Victoria – Opal – Reeves – Bringebærsyltetøy – Solbærsyltetøy – Rabarbra m/hint av kanel – Rabarbra m/aprikos – Appelsinmarmelade – Eplamos – Eplagele m/krydder – Eplachutney.

Foto: hf.no

Sonen i huset lagar Hardangersider

Me starta produksjon av sider i 2018. Vår sider vert laga av eplesortane Aroma og Discovery. Me blandar dei ikkje, dette for å bevara særpreget til dei to ulike eplesortane. Sideren vår vert karbonert før tapping for å få ein lett perlande effekt.

Prisvinnande Eplejuice

Norsk Eplefest ved Hanen:
• 3. premie med Discovery i rein most klasse 2018.
• 1. premie med Aroma i rein mostklasse 2019.
• Sølv standard til Gravenstein i rein most klasse 2019.
• Sølv standard til Sider Aroma Raud 2019, i klasse tradisjonell sider.

Bilete frå Sjuragarden

Me har hatt nokre hektiske år med mykje jobbing, men det har no
vore moro og lærerikt og! Her er litt dokumentasjon frå prosessen.

Om oss:

Sjuragarden i Hardanger

Sjuragarden ligg vakkert til i fjøresteinane ved Hardangerfjorden på Valland i Norheimsund. Ein typisk vestlandsgard som gjennom 9 generasjonar har vore gjennom fleire driftsformer, som mjelkeproduksjon. I dag er Sjuragarden ein fruktgard med hovudvekt på epleproduksjon.

KARIN FÅR EIN VILL IDE (Farvel kyr, ja til frukt)

Karin gjekk 2 år som deltidsstudent på Gartnar ved Hjeltnes vgs. i Ulvik. Då kom ideen om å produsera vår eiga eplesaft og syltetøy av eigne og lokale råvarer. Fyrste teigen vart planta i 2010, året etter ein til, så ein til kvart år til og med 2016. I 2012 bestemte me oss for å satsa alt og at kyrne skulle ut før hausten i 2016, me var då på 3. teigen. No er kyrne ute, og over 30 mål av jorda er tilplanta.

Om ideén:

Sjuragarden som produkt

Me lagar eplajuice på kartongar og på flasker. Syltetøy av bringebær, solbær og eple. Og Plommesyltetøy. Og gele, chutney og marmelade. Og Eplasider!

KJEKKE OG LÆRERIKE, MEN BRATTE ÅR.

Utan Jarand og Gjermund sin innsats med lokalet og utstyr, hadde det ikkje gått. Sjuragarden har vorte eit produktnamn. Eplasider er Sjuragarden sitt nye prosjekt! Sonen i huset har funne på dette. Og med siderproduksjonen i hans hender er mor i huset trygg på at dette vert eit godt produkt!

Nytt frå Sjuragarden More News