Sjuragarden Firmasider Visittkort 
 
 
Heimalaga saft og syltetøy frå Sjuragarden i Norheimsund


Sjuragarden er det lokale navnet på ein av Valland gardane. Eit typisk vestlandsbruk med storfe, sau, frukt og bærproduksjon. Dei siste åra som eit reint mjølkebruk. For fem år sidan planta me to teigar med epletre. Året etter planta me ein teig til. Då bestemte me oss for å avvikla mjølkeproduksjonen og fortsetja med planting av frukt, teig for teig.

Kjekke og lærerike, men bratte år.
(Farvel kyr, ja til frukt)

No er kyrne ute, og over 30 mål av jorda er tilplanta. Karin har gått 2 år som deltidsstudent på Gartnar ved Hjeltnes vgs. i Ulvik. Då kom ideen om å produsera vår eiga eplesaft og syltetøy av eigne og lokale råvarer. Utan Jarand og Gjermund sin innsats med lokalet og utstyr, hadde det ikkje gått.
Sjuragarden har vorte eit produktnamn.

Produkta våre:
Eplajuice:
- 2 liter kartongar, 0,75 l og 0,25 l flasker.

Syltetøy:
- Bringebær, Solbær og Eplamos

Plommesyltetøy av typane:
- Rivers Early, Opal, Reeves og Viktoria.

Og så lagar me:
- Eplagele, Eplachutney og Apelsinmarmelade
v. Karin Mo Valland
Hardangerfjordvegen 225
5600 Norheimsund
Mobil: 992 78 212
E-post: karin@sjuragarden.no
Internett: http://sjuragarden.no